Sidan 2007 har vi i Frende levert gode skade- og livsforsikringar – fordi vi bryr oss litt ekstra om deg, ditt og dine.
Med over 250 000 kundar i privat- og bedriftsmarknaden dekker vi heile Norgeskartet med frenderådgjevarar gjennom dei solide sparebankane som eig Frende.
Vi meiner forsikring altfor ofte er unødvendig komplisert og innvikla, og vi veit at folk flest eigentleg ikkje har så veldig lyst til å tenke på forsikring. Difor jobbar vi kvar dag for enda betre løysingar som gjer at du som kunde kan bruke minst mogeleg tid på forsikring, men likevel ha best mogeleg dekning til gode prisar.
Det skal være lett å være godt forsikra. Vi er her for å gjere forsikring lettare og meir menneskeleg for dei som helst vil slippe å tenke på det.